Lyrikken

Her finn du dei 6 diktsamlingane til Aslaug Låstad Lygre. Under kvar enkelt samling er link til Nationalbiblioteket sine sider så du kan få lesa kvar diktsamling digitalt der. 

No blømer alle rosene (1943)

Aslaug Låstad Lygre si første diktsamling kom ut under 2. verdskrig, i 1943.
Var det noko i denne samlinga som var skuld i at ho den gong hamna i fengsel og sat inne i ei veka?

Les diktsamlinga her

Eld av steinar (1948)


Den andre diktsamlinga kom ut etter krigen og det er i denn samlinga vi m.a. finn diktet som er nytta til tekst i songen "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta".

Les diktsamling her

Den einsame roaren (1952)


Det var i denne diktsamlinga at Aslaug for alvor fekk sitt gjennombrot.
Og året etter fekk ho statens kunstnarstipend som gjorde da mulig for ho å reisa rundt om i Europa.

Les diktsamlinga her

Rit di rune (1957)

Aslaug vart inspirert på sine reiser i utlandet og fleire stipend. Ny samling kom ut i 1953. Perspektivet vert utvida geografisk, til eit kloster i alpane, til kirketårn i Karelen....


Les diktsamlinga her

Fest i september (1960)

Dei religiøse innslagena tiltar mot slutten av forfatterskapet, utan at sanselegheita blir borte.
"For alt det som ikkje skal leva, september held fest ikveld."

Les diktsamlinga her

Primulakveld (1964)

Den siste diktsamlinga kom ut, berre to år før ho dø. Tonen er meir og meir mot det ukjente. Tankar om det som kjem etter.
"Å, kor eg ynskjer meg ein primulakveld."


Les diktsamlinga her

Aslaug inn i skulen

Vil du ha tilbod om framsyninga "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" ? Nytt knappen under.

Close

Meld di interessa for framsyninga om Aslaug Låstad Lygre sitt liv og diktning

Fyll ut og motta info på epost.