Den tredje samlinga, «Den einsame roaren», har ein stramare komposisjon, og dei tette, knappe dikta har óg meir fylde i naturstemningane. Det er lite av eiga vedkjenning, det er nettopp bileta og situasjonane som ber dikta, i ein allmenn eksistensiell, til tider religiøs tematikk.
Medan det er eit ruralt, tidlaust landskap som trer fram i dei tre første diktsamlingane, kjem samtida og det moderne inn som nye element i Rit di rune, med dikt om togreiser, lystbåthamner, undergrunnsbaner og rulletrapper. Perspektivet vert utvida geografisk, til eit kloster i Alpane, til kyrkjetårn i Karelen. Dikta får eit meir ekspressivt drag samstundes som ein kunsttematikk vert stadig meir tydeleg.
Dei religiøse innslaga vert sterke mot slutten av forfattarskapet, utan at varmen vert borte. Meir spanande er likevel forsøka i frie vers, som Andlet i ei reisebok, der vi sveiper rastlaust over Europa, frå Gällivare til Grenoble, frå Kiruna til Capitol, inn og ut av kaffibarar, parkar, venterom og torg, og med den avsluttande refleksjonen:
“Å, menneske! / Eingong skal ikkje landet / vera meir – / ikkje staden og namnet, / ikkje eingong stunda. / Men berre møtet.”