Aslaug Låstad Lygre var fødd på Lindås i 1910, der ho vaks opp på ein lensannsgard. Faren var musikar i divisjonsmusikken og mora dreiv post og telefonsentral heima.
Aslaug er rekna for å vera ei av Noregs største lyrikarar i etterkrigstida, og ho gav ut 6 diktsamlingar.
Denne sida er for å heidra henne, og halda hennar liv og dikting levande for ettertida.
Sida vil vera under utvikling og meire vil koma til etterkvart.
På desse sidene gjev me eit lite innblikk i livet og diktinga til Aslaug Låstad Lygre frå frå Lindås, nord for Bergen.
Me ynskjer på denne måten å gjera Aslaug Låstad Lygre sin lyrikk lett tilgjengeleg for alle som ynskjer. Aslaug Låstad Lygre – Alltid Like Levande!
Sida har kome til etter initiativ frå Audhild Fosse og Linda Fosse, med støtte frå Alver Kommune.
Skriven av Agnete Haaland og Linda Fosse.
Famsyninga har gått sin seiersgang over heile landet i snart to ti-år og Linda har spela den på ei rekkje scener rundt om i Noreg m.a. på Det Norske Teatret i Oslo.
Ynskjer De å tinga framsyninga "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" om Aslaug sitt liv og diktning til Dykkar skule? Framsyninga, med Linda Fosse, kan tingast for visning i skulen.
Framsyninga "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" er utruleg godt mottatt hjå eit godt vakse publikum og er perfekt for den Kulturelle Spaserstokken.
Epost-adr. vert ikkje delt med andre.